Arendal kommune er i gang med kjernejournal
Arendal er første kommune til å ta i bruk kjernejournal i sin pleie- og omsorgsteneste. Kjernejournal inneheld nyttige helseopplysningar som følgjer pasienten, uansett kvar ein får helsehjelp
Alle innbyggarar i Noreg har fått kjernejournal og kan sjå han via helsenorge.no. Kjernejournal er innført på alle sjukehus, legevakter og 90 prosent av fastlegekontora. I 2020 vil fleire kommunar ta i bruk kjernejournal og dette gir godt grunnlag for vidare implementering i heile pleie- og omsorgssektoren.

Milepæl for pasientsikkerheit
- Dette er ein viktig milepæl for å betre pasientsikkerheita. Ved å bruke etablerte nasjonale e-helseløysingar som kjernejournal kan vi mellom anna få ein tryggare bruk av legemiddel, noko som er særleg aktuelt for pasientar i pleie- og omsorgstenesta, seier direktør Christine Bergland i Direktoratet for e-helse.
Kjernejournal inneheld mellom anna:
Eigne registreringar – som næraste pårørande, spesielle behov og sjukdomshistorikk
Oversikt over legemiddel
Kritisk informasjon
Ved å dele slike opplysningar på tvers i heile helsetenesta, kan alle ledd auke kvaliteten i behandlinga, også i pleie- og omsorgstenesta. At kommunane òg bruker kjernejournal, aukar nytten for helsepersonell som allereie har tilgang til og bruker kjernejournal - til dømes ved at behandlande legar på sjukeheim òg registrerer kritisk info om pasientane sine.
- Vi ser fram til å ta i bruk kjernejournal. Vi ser at dette kan vere starten på å dele viktige pasientopplysningar som igjen kan gi betre kvalitet og sikkerheit i tenestene våre. I tillegg trur eg kjernejournal vil gi opplysningar som sparer både pleiepersonell og pasientar for tid når dei skal hente inn opplysningar, seier Janice Marcussen, leiar for Kommunal umiddelbar hjelp i Arendal kommune.