Direktoratet for e-helse har starta arbeidet med ny nasjonal e-helsestrategi
– I tillegg til å oppdatere med viktige hendingar etter 2017, skal innbyggarane få ein større plass i den nye strategien, seier Karl Vestli, fungerande direktør i Direktoratet for e-helse.
Strategien skal gi felles mål og retning og være førande for digitaliseringa av helse- og omsorgssektoren.
Eksisterande e-helsestrategi går ut 2022. Det er behov for å utvikle ein ny, oppdatert og aktuell strategi som er gjeldande frå 2023.
– Mykje har skjedd sidan den eksisterande e-helsestrategien vart utarbeidd. Koronapandemien har vist at ei krise kan føre til auka nyskaping og innovasjon. Digitaliseringa har skote fart det siste året og ført til vekst i både bruk og tilbod av digitale helsetenester og sjølvbeteningsløysingar, seier Karl Vestli.
Nasjonal e-helsestrategi skal gi felles retning
Strategien skal ta vare på ein heilskapleg og i størst mogleg grad forpliktande e-helseutvikling. Strategiutviklinga legg grunnlaget for at strategien kan følgjast opp, slik at den blir realisert til det beste for innbyggarane og helse- og omsorgstenestene – i tråd med kva ein er vorte einige om.
Kunnskapsbasert strategi
Nasjonal e-helsestrategi skal vere kunnskapsbasert og kunnskapsgrunnlaget må derfor oppdaterast. Gjennom analysar av oppdatert innsikt vil vi kunne få opp felles mål som blir retningsgivande i digitaliseringsarbeidet i åra som kjem.
– Blant område vi må undersøke nærare er koronapandemien, helsedata og innbyggarperspektivet viktige stikkord, seier Vestli.
Sektoren og innbyggarane skal høyrast
I første omgang skal vi få på plass kunnskapsgrunnlaget, deretter skal vi skrive ut mål og strategien – med følgande høyringsrunde etter sommaren 2022.
– Nasjonal e-helsestrategi er eit viktig verktøy for å samle helse- og omsorgssektoren. Saman kan vi bidra til trygge og samanhengande helse- og omsorgstenester. Ved å styrke og legge til rette for digitalisering skaper vi ei helse- og omsorgsteneste som kjem både pasientar og helsepersonell til gode. Direktoratet legg opp til ein prosess der mellom anna helsepersonell, forskingsmiljø, næringsliv og innbyggarar blir involverte, avsluttar Vestli.