Felles søknadsskjema for helsedata
For første gong blir felles lansert søknadsskjema for tilgang til helsedata frå ulike aktørar. Forskarar og andre som søkar tilgang til helsedata finn no 47 datakjelder i same skjema på helsedata.no. Dette er eit viktig steg mot å gjere tilgangen til helsedata enklare, raskare og sikrare.
- Dei gode intensjonane og samfunnsmåla i Helsedataprogrammet må realiserast i praksis, steg for steg. Felles søknadsskjema er ei konkret betring som vi håper vil gjere kvardagen enklare for søkarar og brukarar av helsedata, særleg dei som treng data frå fleire kjelder samtidig, seier områdedirektør Gun Peggy Strømstad Knudsen i Folkehelseinstituttet.
Søknadsrettleiing
No er helsedata.no den nye staden for å søke om tilgang til helsedata. På nettstaden finst òg søknadsrettleiing som gjer det enklare å utforske kva som finst av data, kva som er krav for å søke og korleis ein førebur og utformar ein søknad.
På helsedata.no kan ein no logge inn for å opprette sine eigne variabellister, lagre påbyrja og sjå innsende søknader.
Saksbehandling
- Helsedataprogrammet vart starta for betre utnytting av norske helsedata. Felles søknadsskjema er eitt steg i denne retninga. Neste steg blir å innføre felles saksbehandlingsløysing slik at også behandlinga av søknadene blir meir samordna mellom registera, seier divisjonsdirektør Jan Arild Lyngstad i Helsedirektoratet.
Det er 47 datakjelder som blir omfatta av nytt felles søknadsskjema. Kjeldene utgjer alle register og helseundersøkingar som blir forvalta av Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Kreftregisteret. Fleire kjelder vil inkluderast i det felles skjemaet etter kvart. Søknadsskjema og rettleiing finst på helsedata.no.
Unik kompetanse
- Vi er mange ulike registerforvaltere med unik spesialkompetanse på fagfelta våre. Derfor er det krevande, men desto viktigare at vi saman finn best mogleg søknadsprosessar for brukarane. Viss alle tar med seg dette inn i helsedata-fellesskapet kan vi saman bidra til betre prosessar som på sikt òg kan gi meir og betre helseforsking, seier direktør Giske Ursin i Kreftregisteret.