Grunnmur bind saman alt vi gjer
Det var rekordmange påmelde til årets arkitektur- og standardiseringsdag – heile 450 personar både i og utanfor helse- og omsorgssektoren hadde meldt interesse.
Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse , opna konferansen. Ho fortalde mellom anna litt om dei ulike rollene til direktoratet og var tydeleg på at vi må samle oss for å få gjennomført dei store endringane.
– Noreg gjer det bra innanfor e-helse, samanlikna med mange andre land. Vi har auka farten og har gode resultat på mange område. Det kjem som eit resultat av nasjonal innsats, innsats frå politikarane våre, men det kjem òg av innsats ute i helse- og omsorgssektoren hos dei mange aktørane som står på veldig mykje for å få til gode resultat. Likevel må vi gjere meir og vi må jobbe vidare mot motstanden mot å endre dei kjente strukturane, sa Bergland i opningsinnlegget sitt.
Ein arena for dialog og deling
Konferansen er eit resultat av Direktoratet for e-helses mål om å bygge ein arena for dialog og deling av informasjon. Hans Løwe Larsen, avdelingsdirektør Arkitekturstyring og standardar, vert arrangementets konferansier:
– Det er andre året på rad vi arrangerer Arkitektur- og standardiseringsdagen, i år gjennomført som webinar. Det gjer at vi mister moglegheita til dialog og den uhøgtidelege "minglinga", men det gjer jo også at enda fleire kan delta. I tillegg vil opptak frå konferansen vere tilgjengeleg i ettertid, sa Løwe Larsen.
Deltakarane kom tettare på viktigheita av grunnmur for innovasjon og næringsutvikling. Dei fekk høyre frå aktørar som har tatt grunnmuren i bruk. Det handla òg om kva som skjer i grunnmursarbeidet framover og korleis aktørane i helse- og omsorgssektoren kan bidra inn og engasjere seg i arbeidet.
Grunnmur for samhandling og innovasjon
Grunnmur bind saman alt vi gjer. Byggeklossane i grunnmuren er viktige som enkeltkomponentar og saman som heilskap. Ei enklare, betre og meir heilskapleg teneste for innbyggaren bygger på moglegheita til å samhandle.
– Eg håper dagen og alle dei gode innlegga gir inspirasjon til vidare satsing. Vi har ingen anna moglegheit til å lykkast enn å jobba saman. Det er det fellesskapet som skal bygge grunnmuren. Derfor er det viktig å støtte opp under arbeidet og engasjere seg, sa Løwe Larsen.
Ønsker tilbakemeldingar
Arkitektur- og standardiseringsdagen var spesielt retta mot verksemdsarkitektar, prosjektleiarar, avgjerdstakarar og leverandørar i helse- og omsorgssektoren.
Det vil bli gjennomført ei undersøking blant deltakarane i etterkant av arrangementet, og Løwe Larsen oppmodar alle som deltok på heile eller delar av dagen om å nytte moglegheita til å gi tilbakemeldingar.
– Vi tar imot ros og konstruktiv ris, sånn at vi kan utvikle denne konferansen, avslutta han.