Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Har andre land i Norden fått til FHIR?

Direktoratet for e-helse samlar representantar til erfaringsutveksling om innføringa av den internasjonale standarden FHIR 26.-27. august på Scandic Nidelven i Trondheim.

FHIR er hovudtema når dei nordiske landa samlast for å dele erfaringar og koordinere samarbeid innan e-helsestandardisering. Seminaret er for spesielt inviterte og samlar representantar som tilhøyrer ei arbeidsgruppe under Norsk Ministerråd innan standardisering.

Programmet finner du her.

Internasjonalt samarbeid om standardar

Direktoratet for e-helse og HL7 Noreg samarbeider om å legge til rette for bruk av FHIR i Noreg. Eit av tiltaka er å utarbeide norske basisprofilar for gjenbruk i e-helseløysingar Ved årsskiftet 2018/2019 vart det publisert fem basisprofilar, og det blir arbeidd med å definere fleire i 2019. Desse er tilgjengeleg frå simplifier.net.

E-helsestandarder er avgjerande for å sikre god pasientbehandling og effektive arbeidsprosessar for helsepersonell. Gjennom felles løysingar på liknande problemstillingar vil ein kunne utvikle standardar meir effektivt.

EU er ein viktig pådrivar for å få etablert felles standardar for utveksling av pasient- og helseinformasjon på tvers av medlemslanda.
 

Les meir om arbeidet med standardisering.

Sjå òg Direktoratet for e-helse sin tilråding om bruk av SMART on FHIR

Grafisk fremstilling FHIR logo