Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Ivar Thor Jonsson skal leie ny legemiddelavdeling i Direktoratet for e-helse

Direktoratet for e-helse etablerer ei avdeling for legemiddelområdet. Ivar Thor Johnsson blir avdelingsdirektør i avdelinga. Han får ansvar for å bygge opp avdelinga, og vil ha ei viktig rolle i den strategiske utviklinga av området.

– Legemiddelfeltet er eit viktig satsingsområde for direktoratet, og vi styrker styresmaktsrolla vår ved å opprette ei eiga avdeling og tilset ein erfaren leiar med solid helsefagleg bakgrunn og stort engasjement for feltet. Jonsson vil vere svært viktig for å styrke det helsefaglege miljøet i direktoratet, seier Christine Bergland, direktør Direktoratet for e-helse.

Jonsson er utdanna lege med spesialistutdanning i onkologi. Han har brei erfaring frå spesialisthelsetenesta og legemiddelindustrien, og han har betydeleg leiarerfaring. Den erfarne legen har dei siste 10 åra hatt leiarstillingar ved Akershus universitetssjukehus, der han mellom anna har vore direktør for medisinsk divisjon, direktør for kirurgisk divisjon og fagdirektør. Han kjem til direktoratet frå stillinga som programdirektør, og vil starte i den nyoppretta stillinga 1. januar.

Ivar Thor Jonsson1
Ivar Thor Jonsson skal leie ny legemiddelavdeling i Direktoratet for e-helse. Foto: privat.

– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåvene i direktoratet. Innføring av gode e-helseløysningar er ein av dei viktigaste oppgåvene for helsetenesta i åra framover. Effektiv innføring av riktige løysingar krev god kunnskap om både moglegheitene som ligg i teknologien og om dei behova og moglegheitene som finst hos framtidige brukarar av løysingane. Dette gjeld ikkje minst for legemiddelfeltet, som krev tett og god samhandling mellom aktørane. Eg gleder meg til å bruke erfaringa mi og kunnskap om helsetenesta i dette viktige arbeidet, seier Jonsson.

Direktoratet har mellom anna ansvar for legemiddelprogrammet, som skal realisere pasientens legemiddelliste, og det er behov for sterkare koordinering av ulike initiativ på feltet.

– Vi har mange oppgåver på legemiddelfeltet, både i samarbeid med andre styresmakter og med aktørane i helse- og omsorgssektoren. Som avdelingsdirektør vil Jonsson vere sentral i arbeidet med å koordinere innsatsen og bidra til den strategiske utviklinga av området, seier Bergland.