Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Ny rapport om e-konsultasjon og triage hos fastlege

Helsedirektoratet har i samarbeid med Direktoratet for e-helse gjort ei utgreiing om e-konsultasjon og triage hos fastlegane.

Les heile rapporten frå Helsedirektoratet:
E-konsultasjon og triage hos fastlege

Les heile rapporten frå Direktoratet for e-helse:
Triageringsverktøy - innretning på utprøvning av triageringsverktøy for e-konsultasjon hos fastlege

Rapporten frå Helsedirektoratet omfattar oppsummering av kunnskap, vurdering av behovet til ulike aktørar for triageringsverktøy og forslag til innretting og utprøving av eit triangeringsverktøy.

I rapporten frå Direktoratet for e-helse vert det vurdert kva løysingar som finst i marknaden, og korleis løysingar for triagering kan verte lagt til rette på helsenoreg.no.

Direktorata har hatt regelmessig dialog med Legeforeninga, pasient- og brukarorganisasjonar og leverandørar i arbeidet med rapporten.

Pilotprosjekt

Det kjem fram i rapporten at det er lite kunnskap både internasjonalt og nasjonalt om bruk av verktøy for triage. På den bakgrunnen vert det foreslått å ha ein pilot på fleire fastlegekontor for å prøve ut verktøy for triagering.

Det vert lagt vekt på å ha ein innleiande konseptfase for å utforme ein prototype saman med fagmiljøet, før vi set i gang med pilotprosjekt.

Dei to direktorata tilrår at eit godt grunnlag for å vurdere eventuelle gevinstar og vidare utprøving vert evaluert av nokon som er utanforståande.

Triage

Triage er eit fransk omgrep og betyr sortering, utskilling, utvelging, utval. I medisinsk samanheng blir det brukt mellom anna i akuttmottak på legevakt, i ambulansetenesta og ved traume for å avgjere i kva rekkefølgje pasientar skal prioriterast og kor raskt dei vil trenge medisinsk behandling.