Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Direktoratet for e-helse har utgitt rettleiar for International Patient Summary (IPS)

Rettleiaren legg til rette for at nødvendig pasientinformasjon blir tilgjengeleg på tvers av verksemder, til fordel for helsepersonell og innbyggarar.

Direktoratet for e-helse utgir veileder for standarden NS-EN 17269 Health informatics - The International Patient Summary (IPS) som eit overordna rammeverk for strukturering og utveksling av oppsummerande pasientopplysningar i Noreg.

Standarden er uavhengig av bruksområde, noko som gjer det enklare å tilpasse seg den teknologiske utviklinga.

Stort behov for deling av pasientopplysningar

– Det er stor mobilitet i regionen vår, seier Bjørn Nilsen, IT-sjef i Helse Nord RHF. 

Bjørn Nilsen
Bjørn Nilsen, IT-sjef i Helse Nord RHF. Foto: Helse Nord RHF.

Helse nord har i Nordkalottsamarbeidet med Finland og Sverige jobba for betre pasientbehandling over landegrensene.

– IPS kan bidra til å gi ein betre og sikrare pasientflyt når den viktigaste pasientinformasjonen kan delast. Vi ser òg at IPS kan vere svært nyttig for både nasjonale og felles europeiske formål.

IPS styrkar moglegheitene for aktørane

– IPS legg til rette for at aktørar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå kan jobbe med innovasjon og næringsutvikling med utgangspunkt i eit felles, overordna datasett. At vi utviklar etter same prinsipp, er ein føresetnad for å dela informasjon mellom system, og for at ulike tenester kan samhandle. Det er ei målsetjing at dette skal vere ein standard som alle system for pasientjournalar (EPJ) må sjå til, seier Georg F. Ranhoff.

Ranhoff er seniorrådgivar i Direktoratet for e-helse og har leidd arbeidet med rettleiaren. Han forklarer at innhaldet i IPS-standarden samsvarer med kva aktørar i helsetenesta har definert som viktig å dele på tvers av verksemder, og at vegleiaren er i tråd med dei generelle tilrådingane om å nytta internasjonale standardar til nasjonale formål.

– Å sjå til ein standard som beskriv overordna prinsipp framfor detaljerte krav, er positivt for marknaden. Dei som er tett på behova får utnytte spisskompetanse­ til å lage løysingar tilpassa lokale utfordringar. Eit overordna rammeverk gjer det òg lettare å møte endra vilkår i takt med teknologisk utvikling. Det gir eit betydeleg handlingsrom for leverandørane, seier Ranhoff.

Koordinering gir felles gevinster

Direktoratet for e-helse oppmodar fagmiljøer, blant verksemder og leverandørar, til å involvere seg i dialogen om IPS. Kompetansen i sektoren kan bidra til vidare internasjonal standardisering knytte til implementering av NS-EN 17269. Det er behov for å samordne korleis standarden blir i bruk tatt. Gjennom å delta aktivt i nasjonale og internasjonale standardiseringsfora­, har norske aktørar ein gylden moglegheit til å fange opp verdifullt erfaringsgrunnlag­ frå andre land, påverke utviklinga av relevante implementerings standardar, og ta vare på eigne interesser.

Direktoratet legg til rette for smidig samarbeid

– Denne rettleiaren er ei ny form for normering av standardar frå direktoratet. Vi peikar i ei retning og legg til rette for tett samarbeid med aktørar i sektoren. Etter kvart som vi innhentar meir erfaring om bruk av standarden, kan rettleiaren justerast, eller den kan bli normert på eit høgare nivå, seier Ranhoff.

Georg-Fredrik-Ranhoff-2
Georg F. Ranhoff er seniorrådgivar i Direktoratet for e-helse og har leidd arbeidet med rettleiaren. Foto: Direktoratet for ehelse/Cecilie Stebakk Engebretsen.

Solid forankring blant klinikarar og teknologar i Europa

Det europeiske arbeidde med standarden NS-EN 17269 Health informatics - The International Patient Summary (IPS) har resultert i eit tett samarbeid mellom ni internasjonale standardiseringsorganisasjonar­, som delar erfaringar om vidare bruk og utvikling. EU har vore ein sterk pådrivar for realisering av den europeiske standarden, som vart fastsett i Noreg i februar 2020.

– Standardisert strukturering av utvalde pasientopplysningar gjer muleg nye måtar å dele helseopplysningar på mellom verksemder, styrker kvaliteten på pasientbehandling og stimulerer til innovasjon og næringsutvikling, avsluttar Ranhoff.