Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Spesialisthelsetenesta investerer meir i IKT

Tre av fire regionale helseføretak brukte langt meir pengar på IKT i 2018 enn året før.

Dette er blant funna i rapporten Ressursbruk på IKT i helse- og omsorgstenesta i 2018 utarbeidd av Direktoratet for e-helse.

Dei auka IKT-investeringane er hovudsakleg knytte til modernisering av infrastruktur. Helse Nord hadde på si side ein reduksjon på 37 prosent, som kjem av fleire store innkjøp dei gjorde i 2017.

Illustrasjonsfoto av et ark med fire ulike typer grafer.
For å laga gode helsetenester må vi investera. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

– Skal vi lykkast med å laga gode, digitale helsetenester for innbyggarane må vi òg investera i IKT. Det er derfor gledeleg å sjå at investeringane aukar. Det trengst, for fleire store oppgåver ligg føre oss. Til dømes Akson, prosjekt for heilskapleg samhandling og ein felles kommunal journal, seier divisjonsdirektør i Direktoratet for e-helse, Karl Vestli.

I tillegg er det kartlagt IKT-utgifter frå nasjonale aktørar som Direktoratet for e-helse, Norsk Helsenett, Helseforetakenes driftsorganisasjon for nødnett, Pasientreiser, Nasjonal IKT, Helsedirektoratet, Helfo og Folkehelseinstituttet.

– IKT skal forenkla og forbetra offentleg sektor. Vi må investera i IKT for å sikra at vi utnyttar ressursane best mogleg framover. På den måten kan vi sikra helsetenesta til pasienten, seier Vestli.

Last ned rapporten Ressursbruk på IKT i helse- og omsorgstenesta i 2018 (PDF).