Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Laboratoriekodeverk

Laboratoriekodeverka er ei samling nasjonale laboratorierelaterte kodeverk: Norsk laboratoriekodeverk (NLK), Prøvemateriale, Anatomisk lokalisasjon, Tekstlige resultatverdiar og Undersøkelsesmetode. I tillegg finst eit eige kodeverk for patologi.

Her kan du søkje etter kodar

Korleis blir laboratoriekodeverka brukt i dag

Laboratoriekodeverka blir nytta i samband med rekvirering av laboratorieundersøkingar, og svarrapportering frå laboratorium. Kodeverka blir også nytta på helsenoreg.no i samband med visning av prøvesvar til pasient. Norsk laboratoriekodeverk (NLK) er obligatorisk i refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalysar.

Generell rettleiing

Last ned filer

Kodelister, endringsdokument og kumulativ endringshistorikk.

Viktige datoar og fristar

E-helse får forslag til endringar og nye kodar i laboratoriekodeverka gjennom heile året. Vi publiserer fem versjonar av Norsk laboratoriekodeverk i året; i januar, mars, mai, september og november. Versjonen blir publisert på den vyrkedagen som er nærast 23. i kvar publiseringsmånad. Eit utkast til versjonen blir sendt til referansegruppa 3-4 veker før publisering.

 

Viktig informasjon knyt til Norsk laboratoriekodeverk (NLK) - publisert 13.10.2023

Frå 15.08.2024 vil det bli etablert ny struktur for Norsk laboratoriekodeverk (NLK). I tillegg vil kodeverket frå 2024 bli publisert fire gongar i året. Les meir om dette i endringsvarsel og sjå døme på ny struktur av kodeverket og endringsdokumentasjon her:

Endringsvarsel Norsk laboratoriekodeverk

Norsk laboratoriekodeverk ny struktur - eksempelfil

Endringsdokumentasjon Norsk laboratoriekodeverk - eksempelfil

 

Kontaktinformasjon

Eg har endringsforslag til laboratoriekodeverka

Ta kontakt med Direktoratet for e-helse på lab@ehelse.no.

Merk: Informasjonen du sender inn skal ikkje innehalde helseopplysningar eller andre personopplysningar om pasientar, heller ikkje i sladda form.

Gjeld førespurnaden refusjon, oppgjer og regelverk?

Send epost til post@helfo.no.

For endringar i refusjonskategoriar eller regelverk

Ta kontakt med Helsedirektoratet på  labfinans@helsedirektoratet.no

Spørsmål om Pasientens prøvesvar?

Send epost til provesvar@nhn.no.

Døme på bruk: Pasientens prøvesvar

Pasientens prøvesvar er ei nasjonal løysing for visning av prøvesvar frå ulike avsendarar til helsepersonell og innbyggjar. God datakvalitet og bruk av nasjonale kodeverk er ein føresetnad for at løysinga skal vere brukarvennleg.

Eksempler på bruk av laboratoriekodeverk

Slik brukes kodeverk og terminologi i hverdagen.

Send oss en henvendelse

Har du et spørsmål om tolkning eller bruk av kodeverk og terminologi, eller har du innspill til endringer?

Bytt språk for skjema
Bokmål

Slik gjer du det

Fyll ut skjemaet og trykk "Opprett e-post". Då får du opp ei ferdig utfylt e-post med rett mottakar.

Legg til eventuelle vedlegg og kopimottakarar i e-posten og send inn.

Dersom du har eit forslag knytt til finansiering, må du kontakte Helsedirektoratet som forvaltar ISF-regelverket.

Di førespurnad

Hugs å ta med alt som er relevant for di førespurnad, slik at det blir lett for oss å behandle den.

Kven er du?

Personopplysningar

Ein ferdig utfylt e-post vil opnast i e-postklienten din. E-posten kan sendast til oss som ho er, men du kan også leggje til vedlegg eller setje andre på kopi om du ønskjer det.