Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for e-helse blir en del av Helsedirektoratet

Fra 01.01.2024 er vi en del av Helsedirektoratet. Frem til juni vil vi jobbe med å overføre innholdet på denne siden til helsedirektoratet.no. Les mer om sammenslåingen her.

Norsk patologikodeverk

Norsk patologikodeverk (NORPAT), tidlegare kalla Den norske SNOMED, er ei systematisk samling av omgrep som blir nytta ved patologilaboratoria, innan rettspatologi, i biobankarbeid og for innrapportering til Kreftregisteret. Aktivitetskodeverk for patologi (APAT) er eit uttrekk av NORPAT og inneheld kodar for aktivitetsregistrering.

Her kan du søkje etter kodar

Generell rettleiing

Om Norsk patologikodeverk

Den første versjonen av diagnosekodeverka til patologane vart publisert i 1995. Frå første versjon og fram til 2016 hadde kodeverket namnet Den norske SNOMED for patologi. Namnet vart endra til Norsk patologikodeverk i 2017 etter eit større oppdateringsarbeid. Les meir om historikken her.

Direktoratet for e-helse har i samarbeid med fagmiljøa innan patologi utarbeidd kodar for aktivitetsregistrering i patologilaboratoria (APAT). Kodane inngjekk som del av Norsk patologikodeverk frå og med 2019-versjonen. Formålet med APAT er at det skal nyttast i ny refusjonsordning for poliklinisk patologi.

Innrapportering av patologiinformasjon til Kreftregisteret er hovudsakleg basert på Norsk patologikodeverk. Innrapportering er lovpålagt og skal gjerast i samsvar med Kreftregisterets spesifikasjon. Meldeplikta gjeld alle undersøkingar som blir gjort i samband med utgreiing, behandling, kontroll og oppfølging av kreftsjukdom, forstadium til kreft og enkelte benigne tilstandar.

Last ned filer om Norsk patologikodeverk

Kodelister, endringsdokument og kumulativ endringshistorikk.

Viktige datoar og fristar

Kodeverket blir oppdatert årleg. Vi samlar innspel til endringar gjennom heile året, men må sendast innan 1. mars for å bli behandla innan neste års publisering.

1. januar: Oppdaterte kodeverk blir tekne i bruk

1. mars: Frist for endringsforslag

1. juni: Møte i referansegruppe

30. juni: Endringar endeleg vedteke.

1. oktober: Kodefiler blir gjort tilgjengeleg.

Kontaktinformasjon

Har du eit kodeønske eller ønske om endring?

Ta kontakt med Direktoratet for e-helse på lab@ehelse.no.

Merk: Informasjonen du sender inn skal ikkje innehalde helseopplysningar eller andre personopplysningar om pasientar, heller ikkje i sladda form.

Gjeld førespurnaden refusjon, oppgjer og regelverk?

Send epost til post@helfo.no.

For endringar i refusjonskategoriar eller regelverk

Ta kontakt med Helsedirektoratet på  labfinans@helsedirektoratet.no

Spørsmål om Pasientens prøvesvar?

Send epost til provesvar@nhn.no.