Normens arrangementer, kurs og webinarer
Normen satsar aktivt på kurs- og opplæringsaktivitet. Her finn du meir informasjon om våre arrangement, kurs og webinarar
Kurs- og webinarplan
For full oversikt og informasjon over alle webinarer, kurs og samlinger vi holder, gå til arrangementssiden.
Alle kurs og webinar er gratis! Webinarane starter kl 9.00 og varer i 45 minutter med mindre noe annet er spesifisert.
Du kan halde deg oppdatert på Normens kurs og webinar på arrangementskalendaren og via nyheitsbrevet vårt.
Ta gjerne kontakt på sikkerhetsnormen@ehelse.no om du ynskjer deg webinar om spesielle tema!
Faste kurs Normen gjennomfører
Normen held fleire faste kurs gjennom året. Kursa kan gjennomføres digitalt.
Introkurs til Normen
Introkurset til Normen passar for alle som er interesserte i informasjonssikkerheit og personvern i helse- og omsorgssektoren.
På introkurset vil vi gjennomgå:
- Intro til Normen
- Aktuelle faktaark og rettleiere i Normen
- Risikovurdering av informasjonssikkerheit
- Normens krav
Kurset passar for alle som er interesserte i dette.
Dette er eit introkurs til våre modulbaserte kurs; informasjonssikkerheit og personvern for kommunar, og kurs i informasjonssikkerheit og personvern for medisinsk-tekniske personell.
Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell
Kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen. Det kan arrangerast som dag 2, etter dag 1 med introkurs. Kurset tar utgangspunkt i Normens veileder i personvern og informasjonssikkerhet - medisinsk utstyr..
Etter å ha gjennomført kurs, skal deltakarane vere betre i stand til å implementere Normens krav til behandling av helse- og personopplysningar i medisinsk utstyr med tilhøyrande systemløysingar og applikasjonar på ein praktisk måte.
Tema for kurset for medisinsk-teknisk personell er:
- Medisinsk utstyr og digitale sårbarheter v/HelseCERT
- Normens krav og tilrådingar frå kravspek til innføringsprosjekt
- Helseopplysninger i skya
- Medisinsk avstandsoppfølging
- Normens fjernaksessrettleiar
Kurset vart første gong gjennomført våren 2017 som obligatorisk kurs for alt medisinsk-personell i Helse Midt-Noreg. Kurset er eit samarbeid med NHN / HelseCERT.
Kurset blir halde primært to gonger i året i lokala til Direktoratet for e-helse på Skøyen. Dersom dere vil at sekretariatet arrangerer dette kurset i verksemda di, kan de sende ein førespurnad til sikkerhetsnormen@ehelse.no.
Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar
Kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar basert på Normen er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen. Dette kurset kan arrangerast som dag 2, etter dag 1 med introkurs.
Kurset blir arrangert i samarbeid med kommunar som tar på seg oppgåva som vertskap for kurset. Det er ein føresetnad for kurset at kommunen samarbeider med andre kommunar i regionen. Personvernombod/ informasjonstryggingsleiar bør delta for å fortelje om personvern og informasjonssikkerheit i kommunen.
Tema for kommunekurset kan vere informasjonssikkerheit og personvern i velfersteknologi, medisinsk avstandsoppfølging, innkjøp, arbeid med informasjonssikkerheit og personvern i eigen kommune, styringssystem mv.
Kommunar kan velje mellom todagars kurs (introkurs til Normen og kommunekurs) eller éindags kurs (introkurs til Normen, og nokre utvalde tema spesifikt for kommunar). På todagars kursa legg vi opp til workshop, diskusjonar og rettleiing om utvalde utfordringar kommunane står ovanfor i samarbeid med samarbeidspartnarane våre.
Kommunar som er interesserte i å arrangere kursa, kan kontakte sekretariatet på sikkerhetsnormen@ehelse.no.
Merk at kursinnhaldet vil utviklast over tid grunna revidering av rettleiarane.
Andre kurs og foredrag
Sekretariatet for Normen held innlegg om det meste innan personvern og informasjonssikkerheit i helse på ulike konferansar og forum. Tild dømes hos fysioterapiforbundets kursing av nye enkeltpersonføretak, primærmedisinsk veke (PMU), Sikkerhetsfestivalen, NSH kurs, kurs for kommuneleiinga, ulike sikkerheits- og e-helsekonferanser i inn og utland.
Vi strekker oss langt for å imøtekomme behova for opplæring og innhald. Ta kontakt på sikkerhetsnormen@ehelse.no.
Kontakt
Har du spørsmål, kontakt oss på sikkerhetsnormen@ehelse.no.
Les også: Strategi for Normens kurs- og kompetansevirksomhet (PDF), vedteken av styringsgruppa til Normen 07.03.2019.