Kva er Felles språk?
Felles språk gjer det mogleg for innbyggjarar, helsepersonell og e-helseløysingar å kommunisere med kvarandre på ein effektiv måte. Felles språk vil dermed bidra til betre informasjonsflyt og auke kunnskaps- og forskingsgrunnlaget i helse- og omsorgstenesta.
Løysingane snakkar ikkje saman
Når pasientar er i kontakt med helse- og omsorgstenesta opplever dei fleste å måtte fortelje historia si fleire gonger, særleg ved overgangane mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Dei må ofte ha oversikt over eigne medisinar og diagnosar – gjerne på eit språk som kan vere vanskeleg å forstå. Informasjonen flyt ikkje godt mellom ulike faggrupper, på tvers av nivå eller mellom e-helseløysingane.
Dette kjem delvis av at dei tekniske løysingane snakkar dårleg saman, og at registreringane skjer ustrukturert, slik at informasjonen er vanskeleg å finne igjen. Og sjølv når informasjonen flyt godt mellom e-helseløysingane kan han vere upresis og vanskeleg å tyde for mottakaren. For pasienten kan det vere vanskeleg å forstå kliniske ord eller forkortingar.
Betre utnytting av ressursane
Auka behov for helsetenester kan ikkje alltid dekkjast ved å tilsetje meir helsepersonell, ressursane må òg utnyttast betre. Felles journalsystem og gode løysingar for samhandling er nokre av svara på utfordringane i framtida. Innføring av eit system for standardisert terminologi, kodeverk og registervariablar som blir sette i samanheng med kvarandre – eit felles språk – vil bidra til betre samhandling ved at helsedata kan dokumenterast, blir formidla, blir forstått og blir brukt på ein eintydig måte. Felles språk vil òg bidra til at kvaliteten på helsedata som blir nytta til statistikk og forsking blir betre.
Felles språk legg til rette for å oppnå ei semantisk samhandling som varetek ein god informasjonsflyt på tvers av stega i pasientforløpet. Det gir betre føresetnad for å ta i bruk strukturerte journalar og for å unngå at same informasjon må registrerast fleire gonger. Strukturert dokumentasjon kan støtte opp under betre beslutningstøtte for helsepersonell. Det kan gi høgare grad av automatisk innrapportering til mellom anna helseregister og kvalitetsregister, og dermed bidra til auka grad av automatisert sekundærrapportering. Dette kan betre kvaliteten på datagrunnlaget som blir brukt i samband med statistikk og forsking.
Satsinga på Felles språk og SNOMED CT
Felles språk er eit eigennamn på satsinga for dette området og er derfor ikkje eit "språk" slik ordet blir forstått i daglegtale. Det er ikkje slik at Felles språk er identisk med SNOMED CT. Felles språk inneheld fleire komponentar. Med Felles språk meiner ein ein helsefagleg terminologi (SNOMED CT) som skal brukast til strukturert dokumentasjon av informasjon knytt til helsehjelp, og dessutan relasjonane som bind han til andre kodeverk og registervariablar. Informasjon som blir nytta i pasientforløpet skal kunne gjenbrukast etter å ha vore registrert éin gong, og dei ulike terminologiane og kodeverk skal nyttast til det formålet dei er tiltenkte.
Bruk av terminologiar er ikkje eigna for alle typar pasientrelatert kommunikasjon. Det vil framleis vere mogleg å supplere med fritekst i journalføring, noko som er beskrive i Målbilde for Felles språk i helse- og omsorgssektoren. Strukturert dokumentasjon, blir berre brukt på dei områda det er formålstenleg og der SNOMED CT har eit rikt omgrepsapparat. Dette kan utvikle seg over tid.
På veg mot helse- og omsorgstenesta til pasienten
Digitalisering og bruk av nye e-helseløysingar er ein føresetnad for å skape helse- og omsorgstenesta til pasienten og gjere tenesta berekraftig for framtida. Felles språk gjer dette mogleg på tvers av e-helseløysingar, organisering og geografi. Etablering av eit felles språk legg til rette for å kunne nå måla til Éin innbyggjar – éin journal (Akson), Helseplattformen i Midt-Noreg og legg til rette for at alle andre e-helseløysingar og journalsystem kan "snakke saman".
I praksis betyr det at Helseplattformen prøver ut Felles språk gjennom etableringa av éin journal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Felles språk bidreg òg til nasjonal journalløysing for kommunale helse- og omsorgstenester, som også inkluderer løysingar for samhandling. Samtidig vil eksisterande løysingar i spesialisthelsetenesta i Helse Nord, Helse Vest og Helse Sør-Øst utviklast vidare, inkludert eit felles grensesnitt mot nasjonale løysingar.
Felles språk bidreg til at helseinformasjon kan forståast og gjenbrukast på tvers. Med ei samordna satsing på Felles språk vil helsepersonell, innbyggjarar og verksemder kunne nytte ressursane meir effektivt.
Spørsmål og svar om Felles språk
Her har vi samla svar på ofte stilte spørsmål om Felles språk (PDF)